No er eg lei. Eg gidd ikkje meir. Det får vere nok no. Eg er ei jente på 18 år, med livet framfor meg, og du tenkjer sikkert at eg umogleg kan ha mykje erfaring med det å date? Vel, eg har data både gutar og jenter i nokre år no, eg eg kjenner at det er like før eg gir opp heile greia.
Først og fremst dette med menn. Her er det umogleg å trekkje fram det typiske kjønnsrollemønsteret, og sjølv om det blir ein klisjé, kan ein ikkje unngå det. For nokre dagar sidan møtte eg ein gut eg ikkje hadde sett på to år, og me tok eit glas vin og eg fekk godnattkyss. For første gong på år og dag kjende eg at WOW, kanskje eg faktisk kan satsa på noko! Eg plar nemleg alltid å gi opp før noko har begynt, eg finn alltid noko som irriterer meg grenselaust over folk eg møter, og dermed avsluttar eg prosessen før den har begynt og gir ikkje folk sjansar. No, når eg for ein gong skuld tenkte å sjå om det kunne bli noko meir enn berre keisam, klein dating, får eg vite av ei venninne to dagar etter daten, at denne typen ligg med alt som går på to bein, og at han er ein dritsekk av dimensjonar.
Eg tar ikkje feil når eg seier at disse typane finn du hyppigare hos menn enn hos kvinner. Og det er denne mannen eg er så lei av! Han som alltid må snakke høgast, som alltid skal komme med sarkastiske vitsar i kvar einaste sosial samanheng og som gjerne har ein brautande, gjennomtrengjande latter i tillegg. Han som sitt breibeint på trikken fordi han er mann, og trur det er sjarmerande å vere sjølvgod og overlegen. Han som verkeleg trur damene liker at han ikkje bryr seg, at han kan sjå dei tristaste, mest morbide tinga utan å lee eit augebryn. Han som vil gi inntrykk av at alt som omhandlar vald og bil er kult, og at man får mindre pikk av å gråte eller spørje om vegen. Han som trur at man mistar manndommen dersom man ikkje har eit svar på alle praktiske spørsmål, eller har ei dame som kan meir enn han.
Eg trur helt ærleg at det ikkje er noko særleg lettare å vere mann enn kvinne. Menn kan snakke om kor kjipt det må vere å ha så mykje drama, baktaling, sminking, sjalusi, osv. som me kvinner har, men eg trur det menn slipp, får dei igjen på andre måtar. Eg trur ikkje menn tør innrømme at dei eigentleg likar å sjå på Gray's Anatomy og grine når nokon døyr. Eg trur det er vanskeleg for han som føretrekk matlaging framfor racerbilar å innrømme det utan å bli stempla som homo. Eigentleg har kvar einaste mann åleine-stundar der han sitt med ei stor bøtte is og grin øya ut av skallen når Mufasa døyr mens han har på seg kosebuksa og høyrer på Joni Mitchel. Og det er DEN sida eg vil høyre og se meir av når eg skal først skal date menn.
Også har ein jo disse forferdelege kodane når det kjem til heterofil dating. Dersom han sendar meldingar eller 100 kvite rosar på døra, er det romantisk og søtt, men dersom eg gjer noko liknande blir eg automatisk hysterisk. Jenter kan ikkje halde på slik, det verkar jo heilt på trynet! Kva med manndommen hans? Kva om pikken hans krympar når du spanderer ein middag? Og om du ringar han og er pågåande er ikkje det søtt og sjarmerande, det er sjukt og du blir stempla som galen med ein gong. Så i det store og det heile kan eg umogleg gjere det eg vil, for kvar gong eg kjenner at no, no er eg faenmeg litt interessert, er det einaste eg vil å ringe og bli kjend og sende meldingar og gjere alle dei tinga som for meg som jente blir hysterisk og feil.
Så. Eg blei lei, og begynte å date jenter i staden for. Noko som skulle vise seg å vere eit helvete av same dimensjonar. Eg er lei av galne jenter, eg er lei av ho som blir sjalu dersom du svarar på kor mykje klokka er dersom ho som spurde var greitt pen. Eg er lei av ho som trur på alle rykta som går, og blir sur for noko ho har høyrd om deg (og som ho sjølvsagt ikkje tar opp med deg, du må spørje henne om noko er i vegen før ho gidd snakke), utan at du skjønner ein dritt. Eg er lei av ho som blir sur dersom du ikkje er ledig sju kveldar i veka. Eg er lei av ho som bryr seg meir om andre jenter og kva dei driv med enn sitt eiga liv. Eg er lei av ho som trur du vil slå opp dersom du ikkje svarar på ein melding innan fem minutt. Eg er lei av ho som overanalyserar alt du gjer og seier og som til slutt bryt saman i krampegråt fordi ho trur du har ei annan på si berre fordi du har vore sliten ein dag.
Så det er ganske enkelt. Eg gir opp å date folk frå no av. Eg orkar ikkje å bli kjend med fleire personar som visar seg å vere meir keisame enn den andre. Eg orkar ikkje meir småprat om uviktige ting. Eg orkar ikkje fleire samtalar om musikk eller kva fag ein likar. Eg vil ha ein som berre kjem og er annleis, ein som eg berre blir kjend med litt og litt, og som tar meg med jorda rundt på vegen.

0 kommentarer:
Skicka en kommentar